Småvilt

Stenger jakta 2023


Informerer om at Luster Austre fjellstyre ikkje tilbyr småviltjakt sesongen 2023.

Styret har vurdert saka og konkludert med at det er for lite fugl i området. Mange av naboområda har gjort same konklusjon. 


Det vil gjennomførast ein taksering av området og styret vil gjera ein ny vurdering for sesongen 2024.

Vi beklager eventuelle ulemper dette måtte medføre.

Småviltjakt

Luster Austre Statsallmenning tilbyr småviltkort i allmenningen sitt område. Allmenningen ligg i dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen.


Det er det lett tilgjengelege området ved Sognefjellsvegen som vert mest nytta til småviltjakt, men Luster austre statsallmenning er stor og vil ein jakta på stader der det er litt lenger frå bilveg er vestlege deler av allmenningen i Nørdstedalsområdet eit fint alternativ. For å koma til dette området må ein starta i Fortun å køyra inn Fortunsdalen til Nørdstedalsæter.


Også i aust i området Gravdalen, Raudalen, Mjølkedalen og Urdadalen er det eit flott jaktområdet om ein ikkje er redd for lange avstandar. Lettaste måten å koma til dette området er å køyra til Leirvassbu, derifrå er det ca 2 km inn til grensa med Luster austre statsallmenning.


KJØP AV JAKTKORT

Fjellstyret har sal av småviltjaktkort på Inatur

Det er mulig å kjøpe fysisk kort, men for dette må man bestille minst eit døgn i forkant og hente det i Fortun.