Fiske

Fiske

Luster Austre Statsallmenning og Fortun Grunneigarlag tilbyr fiskekort og hytter i allmenningen og grunneigarlaget sitt område, denne ordninga omfattar over 50 fiskevatn og fleire småelvar.

Kortet gjeld for dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen.

fiske
fiske

Fjellstyret har stått for eit omfattande kultiveringsarbeid for å halda oppe bestanden av fisk i vatna. Dette viser godt resultat, ein har fin fisk i dei fleste fiskevatna i allmenningen.


Fjellstyret har opna for garnfiske i Gravdalsvatnet sørvest for Leirvassbu for utanbygdsbuande etter utarbeidde fiskereglar. Det same er gjort for Rundhaugvatnet, Illvatnet, Øvre Grønevatn og Gravdalsvatnet i Nørdstedalen.

 

Det er gått inn samarbeid med fjellstyra i Lom og Vågå om eit felles fiskekort for Jotunheimen.

KJØP AV FISKEKORT

Fiskekort vert lagt ut for sal inatur.no

Ein kan også kjøpe kort fysisk kort i Fortun.

Ring minst eit døgn i forkant for fysisk kort.

Fiskereglar


Det er lov å fiske med oter, stang og handsnøre.


Det er opna for garnfiske for alle med garnfiskekort i dei 2 største Gravdalstjørnene kto. 1395 og 1380.

Tjørnene ligg ved Gravdalsvegen i Luster austre statsallmenning om lag 2 km sørvest for Leirvassbu.


På kvart kort kan det fiskast med 6 garn (standard fjellauregarn) med maskevidde ikkje mindre enn 35 mm.

Kortet kan også nyttast til stang og oterfiske i heile Luster austre statsallmenning.

Alt fiske er forbode frå og med 20/09 og til og med 31/10.

Garn og landfeste skal merkast med namn og adresse.

Mellom klokka 1000 og 1600 kan ein ikkje ha garn ståande i tjørnene.