Luster kommune betaler skotpremie for desse artane:
(Satsar 2024-25)
Skotpremiekontrollen er på skytebana i Gaupne
første tysdag i kvar månad kl 18:00-19:00, ikkje i mai-juli.
For å få utbetalt skotpremie må
du leggja fram alle labbane/begge føtene.
Kontaktinfo:
Inger Moe
Tlf: 917 13 559
E-post: fjellstyret@lusteraustre.no
Luster kommune har skotpremie på fleire artar smårovvilt og rovfuglar
Fjellstyret har teke på seg kontroll og registrering, og dette gjer me på skytebana i Gaupne første tysdag kvar månad kl 18:00 - 19:00, ikkje mai-juli.
Det gjeld desse artane:
Raudrev: Kr 600,-
Mink: Kr 70,-
Mår: Kr 200,-
Kråke: Kr 50,-
Ravn: Kr 100
Ta med alle føter/labbar.
Spørsmål kan rettast til Inger Moe, tlf 91713559 eller fjellstyret@lusteraustre.no.
Me opnar forsiktig for rypejakt fram til 23. desember, med begrensa tal kort. Det vert ikkje lagt ut 3-dagarskort i år, og sesongkorta er kun for innanbygdsbuande jegrar (frå Gaupne og innover).
For alle korta gjeld bag limit på maksimalt 3 ryper pr. dag uavhengig om dette er lirype, eller fjellrype. Det er tillate å jakta med hund etter 1. oktober (pristillegg).
Korta kan kjøpast på inatur.no
No har Gjertvasshytta fått vedomn! Taket har fått torv med eit lag isolasjon under, så no blir det noko heilt anna å sitja der på kveldane når vêret er surt og sokkane har vorte blaute. I tillegg har me gjort ein del småreparasjonar og laga til tam og benk utanfor hytta, og trapp inn til utedoen, som heretter heiter vedhuset. Det manglar framleis ventilar, så ein lyt gjerne opna eit vindauge når ein fyrer.
Hytta kan bookast på inatur.no.
VELKOMMEN TIL GJERTVASSHYTTA!
Copyright © All Rights Reserved