Småviltjakt

Småviltjakt

Luster Austre Statsallmenning tilbyr småviltkort i allmenningen sitt område. Allmenningen ligg i dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen.

 

Det er det lett tilgjengelege området ved Sognefjellsvegen som vert mest nytta til småviltjakt, men Luster austre statsallmenning er stor og vil ein jakta på stader der det er litt lenger frå bilveg er vestlege deler av allmenningen i Nørdstedalsområdet eit fint alternativ. For å koma til dette området må ein starta i Fortun å køyra inn Fortunsdalen til Nørdstedalsæter.

 

Også i aust i området Gravdalen, Raudalen, Mjølkedalen og Urdadalen er det eit flott jaktområdet om ein ikkje er redd for lange avstandar. Lettaste måten å koma til dette området er å køyra til Leirvassbu, derifrå er det ca 2 km inn til grensa med Luster austre statsallmenning.

 

Fjellstyret har sal av småviltjaktkort på Inatur

I tillegg er det sal av kort for småviltjakt på Fortun bensinstasjon i Fortun og Nymoen camping på Skjolden.

 

 

 

 

Copyright © All Rights Reserved